Vi har hatt fleire problem med nettsidene frå 2009. Difor har vi valt å arkivere nettsidene for 2009 og satsar på å lage ei ny nettside for 2010 (og framover). For at nettsida for 2009 skal fungere (desse sidene du ser no) så har vi aktivert standardtemaet til WordPress (websidesystemet vi nyttar). Ser ikkje like sprekt ut, men alt innhaldet er i alle fall på plass (gi oss gjerne beskjed dersom du kjem over noko som ikkje fungerer eller manglar).
28. desember 2009 (fjerde juledag) arrangerte Ørsta Rock JuleJam på Rust club & scene i Ørsta. Eit friskt innslag var Thomas Sporsheim frå Fosnavåg, som trassa rockesjangeren og leverte ei spenstig tolking av Modern Talking sin store 80-tals hit, “You’re My Heart, You’re My Soul” (til ellevill jubel blant publikum).
Vi vil allereie no annonosere Ørsta Rock sin JuleJam. Dette har vore ein tradisjon i mange år, og julerocken i fjor var ein gedigen suksess - rockarar frå både nær og fjern stod i kø backstage for å sleppe til på scena!
Dette resulterte i eit stort mangfald av innslag på scena, både innøvde nummer frå etablerte musikarar, men også spanande improvisasjonar frå spontane konstellasjonar. Ein ting er i alle fall sikkert: dei som var på julerock i fjor vil hugse denne kvelden som den desidert kjekkaste kvelden i romjula - kanskje ein av dei kjekkaste kveldane i heile 2008! Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå tidlegare jamkveldar på Rust.
I år har vi fått to fantastiske band til å opne jammen: 16th Valve og Ball/breakers. Begge desse banda har bestemt seg for å ha ein uformell reunion på Ørsta Rock sin JuleJam, noko vi er svært stolte av - og som vi gler oss noko sinnsjukt til!
16th Valve består av Daniel Klepp (vokal), Lars Ove Fossheim (gitar), Yngve Frøland (bass) og Jon Eirik Boska (trommer). Det er om lag nøyaktig 4 år sidan førre konsert, men medlemmane har vore aktive på musikkfronten både gjennom musikkstudium på universitet og turne med Afterbirth desse åra.
Ball/breakers er eit førsteklasses AC/DC-tributeband, med Sturla Knutsen i spissen på vokal og Torgeir Standal som energisk Angus Young. Bandet spelte på Malakoff Rockfestival som ‘unghynar’ i 2003, og stal showet fullstendig som siste nummer før headliner Surferosa. No er gutane vaksne karar, og er klar for eit heidundrandes comeback (med hjelp frå nokre lokale musikarar, då dei ikkje lukkast i å stille med alle i originalbesetninga).
Vi ser difor storvegs fram til årets JuleJam, og vil herved oppmode ALLE ørstingar og voldingar med ein rockar i seg til å bidra til at denne kvelden ikkje berre vert kjekkaste kvelden i romjula i år, men at Ørsta Rock sin JuleJam vert ein tradisjonsrik suksess kvar einaste jul i åra som kjem!
Rust club & scene, 28. desember (4. juledag) 100 kr om du er medlem i Ørsta Rock, 150 kr viss ikkje.
18 ÅRS ALDERSGRENSE!
Beste måten å varme opp til Heartbrekkers-konserten er å høyre på dei originale heltane i Pearl Jam, Soundgarden, Alice in Chains, Nirvana og Foo Fighters.
I dag var styreleiar i Ørsta Rock i møte med kultur- og oppvekstsjef i Ørsta kommune, Einar Muren, der avtale for bruk av Lystad skule vart signert. Dette inneber at Ørsta Rock kan flytte inn i fast kontor her, og ikkje minst - no kan vi byrje å snikre øvingslokaler, og MUSIKK!
Så alle med ein Hetfield eller liknande i seg som kriblar i fingrane og kleiar i øyrene - snu dykk rundt og ta kontakt med Ørsta Rock og bestill øvingstider! Til fleire band, dess rimelgare vert leiga. Vi vil gjerne ha med folk på både idémyldring og dugnad også, så meld di interesse!
Er du interessert i å følgje med på kva som skjer på Rust og i Ørsta Rock? Vi gjer det enkelt for deg!
Ved å melde deg på Rust si SMS-varsling, så vil du få GRATIS SMS ca. ein gong i månaden, med all aktuell informasjon om konsertar og andre arrangement. Innmelding skjer på Rust sine nettsider (skjema i sidepalten til høgre). Rust har nyleg gjort ei opprydding i systemet, så dersom du har vore innmeldt tidlegare så må du melde deg inn på nytt no.
Beste måten å varme opp til Gentle Groove-konserten er å høyre på dei originale heltane i Led Zeppelin.
Ørsta Rock har laga ei speleliste med bortimot 200 låtar på Grooveshark.com, ei musikkteneste lik Spotify. Vi har også leita fram Rock.com si ultimate Led Zeppelin-speleliste på YouTube.
Så trykk på PLAY på ei av spelelistene nedanfor, opne eit nytt nettlesarvindauge og surfe vidare der medan Led Zeppelin kimar i bakgrunnen!
Det er ikkje berre skifolk som arrangerer X2. Ørsta Rock startar adventen med ein dobbelkonsert på Rust, fredag 4. desember.
På scenen står to av dei største publikumsfavorittane frå årets Spon RockFestival - Heartbrekkers og Fatty Sunroad. Førstnemnde spelar det grommaste av effektiv grønsj og rett fram-rockemusikk, som Foo Fighters, Pearl Jam, Alice in Chains, Soundgarden og Nirvana, framført av ei heilstøpt knippe erfarne musikarar frå band som Plym og Stingray. Fatty Sunroad er i vinden for tida og spelar mellom anna i Trondheim i slutten av oktober. Dei definerer musikken sin som partyrock, og kva er vel betre ein fredagskveld enn fest + rock?
Alle scener og alle stader der meir enn 1000 menneskje bur, har ei eiga supergruppe, og Ørsta er intet unntak. Aff (gitar), Stis (vokal), Brekkers (bass), Jossi (gitar) og Peggs (trommer) er alle erfarne musikarar med lang fartstid i miljøet på Søre Sunnmøre, og går ikkje av vegen for å slå eit slag for gamle klassikarar. Heartbrekkers er noko så sjeldent som eit coverband i festivalklasse, og går hardt ut for å forsvare grunge og stonerrock i ein malstraum av boogie og hardrock, og vil presentere musikk frå både Pearl Jam, Alice in Chains, Nirvana, Foo Fighters og Soundgarden.
Fatty Sunroad såg dagens lys vinteren 2008, og har sveitta ut musikk sidan. Odd Magne Brautaset (bass), Aleksander Goksøyr (vokal/munnspel/rytmegitar), Audun Håberg (gitar) og Martin Sørvold (trommer) møttes som studentar i Volda og fann ein felles kjærleik i alle fine ting, til dømes: sirkus, Grethe Waitz, Peru, øl, 1968 og helsetrøye, og spelar “nymotens Tivolimusikk i ein saus av pur glede”. For oss med avgrensa kjennskap til dagens mote innan musikk for familieparkar kan vi gjerne kalle det Festrock, Gliserock ellerDanserock, for dette lovande ensemblet oppfordrar til ukontrollert fest, glising og dans!
Sjekk ut vårt ultrafeite foto- og videogalleri frå SPON 2009! Her finn du video (kjem av kvart band i næraste framtid), utvalde bilete av kvart band, samt over 2000 bilete frå festivalen i ein 20-siders kollasj du kan blade i online! Har Ørsta Rock det feitaste galleriet, eller har Ørsta Rock det FEITASTE galleriet?
Utviklingsutvalet i Ørsta kommune sa samrøystes ja til at Ørsta Rock får disponere delar av Lystad skule. Eit av romma vil verte nytta til kontor for Ørsta Rock, dermed har vi ikkje kontor og postadresse ved Rufo lenger. Ny postadresse er:
Ørsta Rock
Postboks 347
6151 Ørsta
Vi vil i tida framover arbeide aktivt for å få i stand øvingslokaler i bygget. Så har du eit band som treng ein stad å øve - ta kontakt!
Folk som betalar medlemskontigenten siste par dagane før ein konsert må ta med kvittering/utskrift av bekreftelse på dette for å få medlemspris. Dette fordi det tek minst eit par døgn før vi får registrert betalinga.